fredag 2. mai 2014

NÅR LÆRER LÆRARAR BEST, OG KORLEIS KAN VI SOM LEIARAR LEGGJE TIL RETTE FOR LÆRING?

I dette arbeidskravet vil vi fokusere på korleis vi som leiarar kan leggje betre til rette for at lærarar lærer, og da konkret knytt til organisering av og innhald i fellestida ved eigen skule. Dette er etter vårt syn eit svært viktig tema, fordi vi meiner at lærarane si læring sjølvsagt vil vera avgjerande for elevane si læring og elevane sitt læringsutbytte. Utdanningsdirektoratet viser i artikkelstafetten til Halvor Bjørnsrud: «Tilrettelegging av lærarane si læring vert gjerne framheva som ei av skuleleiinga sine formelle oppgåver, samtidig som dette arbeidet også er med på å fremje læring hjå skuleleiinga» (artikkelstafett Utdanningsdirektoratet, 2009, s. 18).

Hattie (2009, 2012) peikar på at elevane sitt læringsutbytte er eit direkte svar på undervisninga, læringsmiljø eller den pedagogiske praksis i skulen. Det er mange felt å arbeide med her, men vi vel å fokusere på å skape dei gode møteplassane. Kva er god møtekultur, og korleis kan vi utvikle den slik at det fører til kollektiv læring i personalet?

På vår skule har det nok tradisjonelt vore slik at fellesmøta er leiinga sin arena. Det vart synleg for oss ved at personalet i liten grad bidrog, og heller kom til møta med ei forventning om «å bli traktert». Det var – og er framleis - uttrykt i fleire samanhengar at det ikkje er nok tid til samarbeid. I fellestida vår ligg faste teammøte og fellesmøte, noko vi vurderte som tilstrekkeleg møtetid. Men korleis vart møtetida brukt? Det verka som om mykje av møtetida hadde gått med til driftsoppgåver, og at desse til ein viss grad vart prioritert framfor utviklingssaker. Irgens (2010) trekkjer fram betre struktur på møta som eit sentralt verkemiddel. Fellestida vi har er begrensa, men vi må bruke den betre. Vi ser det som svært viktig å leggje vekt på å bygge møte- og utviklingsstrukturar som gjer personalet ansvarlege. Dette var altså noko av det fyrste vi som nye leiarar ville endre på, med mål om å leggje betre til rette for læring i lag.

Vågåskulen er inne i fleire store satsingar parallelt. Ei av satsingane omhandlar IKT, som mellom anna betyr at lærarar, elevar og leiing nyttar programmet OneNote og digitale ringpermar som delingsverktøy i det daglege arbeidet. Programmet gjer det mogleg å opprette og arbeide i digitale ringpermar som ein kan dele med andre etter behov, noko som bidreg til at det meste av informasjon, orienteringar og reine forvaltningssaker i skulen har ein eigen arena. Ved å organisere det slik, så brukar vi lita tid på informasjon i møta våre. Det er viktig å skilje mellom utviklingssaker og forvaltningssaker. Skular som har eit bevisst forhold til utviklingsprosessar, ser ut til å redusere tidsbruken på forvaltningsspørsmål. Ved slike skular finn vi ei forståing av at praktiske spørsmål i stor grad kan avgjerast av leiinga utan kollegadiskusjonar (Artikkel 6, Utdanningsdirektoratet, 2009). Ved å bruke IKT på denne måten, så frigjer vi tid til arbeid med dei viktige utviklingsområda. Men korleis kan vi best leggje til rette for kollektive læringsprosessar i denne tida?

Skulens og dei tilsette sin kapasitet bør byggjast kollektivt, og utviklinga av kompetanse knytast til den pedagogiske praksisen på den enkelte skule. Bygging av slik kapasitet handlar kanskje ikkje berre om å få tilført ny kompetanse, men også like mykje om å mobilisere kunnskap og kompetanse som allereie finst i organisasjonen. Da blir erfaringsdeling eit viktig verktøy, og det er avgjerande med gode relasjonar mellom lærar og leiar og mellom lærarane. Slik skaper vi eit godt grunnlag for eit praksisfellesskap. Det vi kan skape av strukturar i fellesmøte kan da enkeltlærarar og team ta med seg i andre type møte.

Vi ønskjer å vektleggje tydeleg saksinnkalling, tid til både drifts- og utviklingssaker, erfaringsdeling og refleksjon. Irgens peiker i følje Postholm på at «det er ikkje mulig å utvikle en skole gjennom dyktige enkeltlærerer og gode enkeltledere alene. Det må systematisk samarbeid og samordnet innsats til» (Postholm, 2012, s. 229). Fellestid bør altså i størst mogleg grad brukast til produktive oppgåver, i det legg vi arbeid som har eit felles utviklingsperspektiv og da helst med konstruktivt fokus. Slik kollektiv læring kan både vera faglege og pedagogiske bidrag frå enkeltlærarar eller at det er lagt opp til felles kompetanseheving. Gjennom å skape klar møtestruktur og møteleiing med mål om lærande møte, må det vera felles forståing for at denne tida er verdifull og nyttig, og at vi alle må vera førebudde og bidra. I Utdanningsdirektoratet sin artikkelstafett (Utdanningsdirektoratet, 2009), blir fleire kjenneteikn på ein lærande skule nemnt. Nokre av desse vel vi å ta inn i arbeidet på eigen skule. Det er heilt sentralt at alle deltakarar i eit møte er vel førebudde på å kome med konkrete innspel, noko som i artikkelstafetten blir kalla medskaping framfor medbestemming. Vidare så bør vi i leiinga i større grad utforme problemstillingar som deltakarane arbeider med i forkant av møta. Da er strukturane i utgangspunktet lagt, og andre prinsipp for gode møte blir også viktige.

Skulen arbeider med læring – også læring for læraren: «I skolen er det lærerne som primært skal lede de unges faglige og sosiale læring. Skolelederen er den som skal lede de primære læringslederne. I næringslivet skal topplederne lede til gode læringsmøter for sine medarbeidere.
Det er en voksende erkjennelse i næringslivet for at man ikke kan være på front innen business- og markedsverdenen uten at man også er på læringsfronten» (Skrøvset og Tiller, 2010, s. 24).

Dette viser kor viktig det er å endre fokus frå «for lite tid» til «kva brukar vi tida til». Ved å gjera det, meiner vi at skulen i større grad framstår som ein bevisst læringsarena prega av ein samarbeidande kultur – også for læraren.


tirsdag 25. mars 2014

Læring i alle ledd

Ein ting er sikkert. Dess meir eg lærer, dess meir finn eg ut at eg ikkje kan og sikkert burde lære. 
Læring er hard jobbing -  i alle skulens ledd. 
Apropos ledd. I dag gjorde det vondt. 
Etter mange og lange økter sitjande, med inntak av teori, merkar ein korleis det er å vera elev. 
Eg heiar på eleven. 

lørdag 1. mars 2014

Energidag på Nesetsætra



I dag har eg hatt ein av desse gode dagane du veit.  

Desse dagane som gjev mykje meir enn dei tek. 

Som bidreg til å understreke kor fint livet kan vera. 

Slike dagar og øyeblikk skal ein alltid lagre og bera med seg, dra fram att minne frå på ein litt mørkare ein. 

Dei finst nemleg også. 

Mange gode minne frå denne flotte plassen. 

Her skal vi nok kose oss mykje framover - både vi, musa og røyskatten...






fredag 31. januar 2014

Refleksjonar etter samling

Takk for nok ei nyttig og innhaldsrik samling.
Takk for at skule-Norge har så mange dyktige, dedikerte og engasjerte skuleleiarar. 
Eg er trygg på at dette skal gå riktig bra, og er spent på reisa vidare!

onsdag 29. januar 2014

Mitt fyrste rektorblogginnlegg

I dag har det gått opp minst eitt ljos for meg, eller kanskje var det berre eit sparebluss.
Skule-Norge er vanvittig variert, både når det gjeld tilgangen på pengar og bruken av dei.
Korleis tenkjer vi rundt ressursbruk rundt om? Kva og korleis prioriterer vi? Korleis er tilgangen på digitale hjelpemiddel, og korleis blir det brukt? Korleis utviklar elevane våre seg når skulane sine utgangspunkt er så ulike?

Vi skal liksom ha ein skule i Norge - "enhetsskolen". Vi har også berre ein læreplan å halde oss til.

Har vi eigentleg det?